Mari Norddahl: Seal

Prisen inkluderer 5 % kunstavgift

kr 2.310

Solgt

Del

År: 2018
Mål: ca 45 x 40 cm
Teknikk: Søm
Materiale: Minky fleece, polyesterfyll
Verksbilde: Mari Norddahl

 

Om kunstneren: 

Mari Norddahl arbeider med mjuke tekstilobjekt. Desse opptrer som eigne vesen med ein eigen agenda, og følgjer ein organisk estetikk med ein likskap til det kroppslege. Norddahl er oppteken av av korleis vi tolkar og tillegg verdi til tinga rundt oss, og stiller samtidig spørsmål om Tingen kan vere ein autonom eining, med eit eige medvit over sin eksistens. Av materialar har ho ein forkjærleik for taktile kvalitetar som kunstpels, frotté, metalliske og trykte tekstilar. Like viktig som dei materielle kvalitetane er dei kjenslemessige eigenskapane: dei som vekker lysten til å ville røre ved overflata, som er humoristiske og absurde, samtidig som objekta får behalde eigen vilje og agenda. Tekstilet vert omforma til objekt gjennom maskinsaum og handsaum. Gjennom auge, hender og sinn, lærer ho objekta å kjenne, for å forstå betre kva dei vil og korleis dei kan verte forstått av andre. Norddahl vaks opp i Volda på Sunnmøre, og har si utdanning frå Kunsthøgskulen i Bergen og Glasgow School of Art.

http://marinorddahl.no/

 

Betaling og frakt

Betaling av kunstverk skjer med faktura (14 dagers betalingsfrist). Faktura sendes per e-post (eller post hvis ønskelig) når ordren er mottatt.
Levering/henting avtales direkte med kunstneren. Kunden vil bli kontaktet om dette.

Les våre salgsvilkår her.

Dette nettstedet bruker cookies for å samle statistikk og gi en forbedret brukeropplevelse.