Else Karin Tysse Bysheim
Snunad
1. juni – 6. august 2023
Merknad: SOFT galleri er sommarstengt i juli.
Utstillinga kan da opplevast gjennom det store vindauget mot Rådhusgata.
Utstillinga opnar igjen tirsdag 1. august.
Norsk
Velkommen til utstillingsåpning torsdag 1. juni 2023 fra kl. 18.00 – 20.00.
Utstillinga Snunad er ein installasjon beståande av fleire skulpturelle arbeid i materiala gummislangar, ull og metall. Metallrammer dannar eit fundament for gummislangane som er snudd og vendt på, fylt med luft og strekt til tak og vegg.
Ordet snunad kjem av det norrøne snúnaðrog betyr ei vending, omvelting, omskifte eller rørsle. Else Karin Tysse Bysheim undersøkjer forhold mellom industrielle materialar og naturmateriale. Her ligg både ein styrke og ei svakheit i materiala.
Lufta i gummislangane er uforutsigbar. Innpust og utpust som i livet sjølv. Lufta som stoppa opp. Lufta kan holda seg på plass eller den kan lekka og det visuelle uttrykket forandrar seg. Ved bruk av desse materiala formidlast ulike kjensler. Det kan vera ro, uro, styrke, svakheit. Det som føregår i eins personlege, indre sinn til ei større, meir kollektiv kjensle blant menneska i verda.
Nokre av skulpturane har påteikna mønster. Bysheim ser på teikningane som beskyttande symbol. Etter reiser til Sør-Afrika og fisketurar i fjorden ser ho likskap i mønstra til leoparden og torsken. Desse inntrykka fabulera ho vidare på til det som no framstår som ein slags familie med sine ulike personlegdomar. Nokon med like mønster, men ikkje heilt like. Nokon oppblåste, nokon strekkjer seg til ytterpunkta. Nokon er stille, og nokon uttrykkjer heftige lydar. Nokon er urolege i si framferd, og nokon kjem seg ikkje av flekken.
I sitt kunstnarskap tek Bysheim utgangspunkt i eige levd liv. Det som framkallar minner.
Å arbeida med gummislangar og metall fører meg tilbake til metallbedrifta eg vaks opp i. Bardommens hage med metall, betong og lastebilar som kom og for. Og eit minne frå 3-årsalderen, kjensla av redsle. Med far på jobb, svære dumpersa kjem kjørande mot oss, dei største hjula eg nokon gong har sett, verda stoppa opp, eg stoppa opp, pusten stoppa opp.
Else Karin Tysse Bysheim (f. 1959) bur og arbeider på Osterøy utanfor Bergen. Ho har utdanning frå blant anna Kib, Kunstskolen i Bergen, Høgskulen i Bergen, kunst og handverk, Institut for kunstterapi i Danmark, Vestnorsk kulturakademi, tekstil. Tidlegare separatutstillingar inkluderar Halsnøy kloster (2022), Kvassheim fyr «On the edge» (2018), La Casa Amarilla, Málaga, Spania (2018) og Osterøy museum (2010). Ho har også deltatt i ei rekke gruppeutstillingar som Årsutstillingen i Norske kunsthåndverkere og Vestlandsutstillinga, Pianorama – Harding Puls, Kunstbadstove prosjekt – Osterøy, Galleri Salhus, OddART – Odda, Oranki art – Finland , Fabrikkert – Osterøy, Performance og DKS. Bysheim er innkjøpt av Sørlandets kunstmuseum.
Utstillinga på SOFT galleri er støtta av KiN, Regionale prosjektmidler.
English
Welcome to the exhibition opening on Thursday, June 1st 2023 from 6 – 8 pm.
The exhibition Snunad is an installation consisting of several sculptural works made of rubber hoses, wool and metal. The metal frames provide a foundation for the rubber hoses. Filled with air, they coil, twist and stretch to the ceiling and walls.
The word snunad stems from the Old Norse snúnaðr, meaning a turning, an upheaval, a change of direction or a movement. Else Karin Tysse Bysheim explores the relationship between industrial and natural materials. Both have their strengths and weaknesses.
The air in rubber hosing is unpredictable. There is an inhalation and exhalation, just as in living beings. Sometimes the air gets blocked. It can stay in place, or it can leak and cause the visual expression to change. By using these materials, the artist communicates a range of feelings, for instance peacefulness, disquiet, strength and weakness. The works can suggest something happening in an individual’s psyche, but also a more collective feeling shared by many people in the world.
Some of the sculptures are covered with drawn patterns. Bysheim considers these as protective symbols. After trips to South Africa and fishing in Norwegian fjords, she noticed similarities in the patterns on the skin of leopards and codfish. She has worked imaginatively with these impressions, creating what now appears like a family whose members have diverse personalities. Some have similar patterns but are not identical. Some are inflated, some stretched to the maximum. Some are quiet while others make powerful noises. Some are restless, others are still.
The starting point for Bysheim’s artistic practice is her own lived life and the things that trigger memories.
Working with rubber hoses and metal takes me mentally back to my childhood home. The yard around our house was filled with metal and concrete. Trucks came and went. I have a memory from when I was three years old: fear. My father was working, huge dump trucks were driving towards us, the biggest wheels I’ve ever seen, the world stopped turning, I stopped, my breathing stopped.
Else Karin Tysse Bysheim (b. 1959) lives and works on the island of Osterøy near Bergen. She studied at (a selection) the National College of Art and Design in Bergen, the university-college Høgskulen i Bergen, the institute for art therapy at UCL University College in Denmark, and the cultural academy Vestnorsk kulturakademi in Voss. Previous solo shows have been at (a selection) Halsnøy kloster (2022), Kvassheim lighthouse ‘On the Edge’ (2018), La Casa Amarilla, Málaga, Spain (2018) and Osterøy Museum (2010). Group shows include, among others, the Norwegian Association for Arts and Crafts’ annual exhibition, the regional Vestlandsutstilling, Pianorama – Harding Puls, the Kunstbadstove project – Osterøy, Galleri Salhus, OddART – Odda, Oranki Art – Finland, Fabrikkert – Osterøy, and Performance. Bysheim has also participated in the Cultural Schoolbag programme. Her works are purchased by Sørlandets kunstmuseum in Kristiansand.
Bilder av utstillingen
Alle foto: Øystein Thorvaldsen.